mandag 6. juni 2016

Market Day bag

Sommaren nærmar seg, og eg fekk plutseleg behov for ei ny veske!
Har sett bilde av Market Day Bag rundt omkring, og måtte berre prøve. 
Mønsteret er frå Garnstudio/Drops design.


Eg hadde ikkje så mykje av Paris liggande, men fann nokre ukjente bomullsnøster i passande tjukkleik, så det ordna seg. Ein farge her og ein farge der...


Hekla med 4,5 mm krok og dobbel tråd, men la likevel på nokre omgonger i mønsteret for å få veska stor nok. Dette skal liksom vere ei strandveske.


Litt tungt er det å hekle med så tjukt så dette kan eg ikkje gjere heile tida kjenner eg.
Men eg skal ikkje sjå bort frå at det kjem fleire slike vesker. 


I made myself a new bag!
Used the Market Day bag pattern from Drops design.

I didn't have so much of the Paris yarn, so I used from my stash the colours I could find. 
It turned out just as colourful as it should, I think!

The yarn is held double, and I used 4.5 mm hook. It was a bit hard on the hands, but I'm sure I will make more bags like this.

You should give the pattern a try too! 

post signature

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails