fredag 29. januar 2010

Det snør…

DSCF2127

… og snør. Haugane utanfor inngangsdøra nærmar seg 3 meter (pga takras og måking)…

I grunnen er vi ganske forsynt med alt det kvite no, bra at dei melder fint ver neste veke.

Eg skal nedover til austlandet i helga – det er vel god vinter der nede også.

Der nede skal vi helse på minstenevø Elias og feire Hanna som blir 4 år. Over ser de litt av bursdagsgåva (til Hanna og dei 20 Barbiedokkene hennar).

De skal få sjå meir seinare, eg må sjå om den virkar som vi har tenkt.

Ooops! – no ser eg at eg har fullstendig gløymt å legge merke til mønsteret på det rosa-raude-kvite stoffet her. Isj, kor skeivt det var!

Huff! Her har eg nok hatt tankane andre stader. Issa då – som mormor brukte å seie…

Ja ja, 4-åringen bryr seg kanskje ikkje så mykje om sånt.

Ha ei fin helg!

-------------------------------------

It has been snowing again here. The snow piles outside the front door are allmost 3 meters high (due to snow falling from the roof).

I’m going away this weekend. Going south to visit my brother’s – meeting my new nephew and celebrating Hanna’s 4th birthday.

The photo is of her birthday present. I only now noticed how I’ve forgotten to look at the pattern on one of the fabrics… Ooops! Must have had my mind somewhere else…

Well – I don’t think Hanna will notice…

Have a nice Week end!

onsdag 27. januar 2010

Sindy

På ein av familien sine lange feriekøyreturar mellom Finnmark og Sunnmøre stoppa vi ein gong i Mo i Rana. Dette var truleg i 76. Resten av familien gjekk ein tur i byen, men eg måtte vere igjen i bilen. Kan ikkje hugse kvifor – kanskje eg måtte passe hunden eller bilen eller noko anna.

Men i alle fall fekk eg premie (eller var det bursdagsgåve?) då resten av flokken kom attende.

DSCF2124 

Ei nydeleg Sindy-dokke. (Mykje finare enn Barbie så klart) Ho kunne bøye albogane og knea og hovudet og svinge på skuldrane, midjen og handledda. Og så var ho kjempesøt og hadde akkurat sånn utoversving på håret som eg ønskte meg.

DSCF2119 DSCF2114

Men dessverre blei Sindy handikappa (boktaveleg tala) ganske fort. Når eg fekk besøk som ville prøve dokka passa eg på å fortelje at handledda berre kunne svingast ikkje bøyast (då ville dei knekke av).

Likevel var det ei jente som berre måtte prøve. Og ja, handa knakk av, akkurat som eg sa. Eg vart sjølvsagt svært skuffa. Noko seinare hadde eg ei anna på besøk. Ho lurte på kvifor dokka mi berre hadde ei hand. Eg forklarte alt. Og då eg kom attende til rommet mitt etter middagen hadde jammen denne jenta klart å knekke av den andre handa. Ho måtte berre prøve ho også… Eg trur ikkje desse jentene var på så mange fleire besøk hos meg…

Men Sindydokka mi har hatt eit langt og godt liv utan hendene sine. Og mange hekle- og strikkekjolar har ho fått. Mine første hekleprosjekt var vel nettopp hattar og kjoler til henne…

-Og Sindy kom fram frå kassa si no fordi eg held på med eit dokke-prosjekt. (Rett nok til Barbiedokker, men storleiken er omtrent den samme, så då… Meir om det prosjektet når det er ferdig…)

-----------------------

I’m working on a doll project. For Barbiedolls.

I don’t have any Barbies, so my lovely Sindy doll volunteered to do the testing.

I got her on a summer holiday in –76 (I think). I was allways so careful when playing with her. She could bend her knees and elbows and had just the hairstyle I wanted. I made many outfits for her. My first crocheting was making dolls hats.

So I was very disapointed (to put it mildly) when a couple of girls visiting, despite my warnings tried to bend her hands and broke them off…

But my Sindy has had a good life without her hands. She looks quite good for a 32 year old :)

fredag 22. januar 2010

Fredag – Nordiske føter

Eg ramla litt av fotfotograferinga nokre dagar her. Men det går vel bra sidan de får litt ballongar og festpynt i dag :)

I dag var det skuledag nr. 100. Vi hadde litt feiring i klasserommet. Telte til 100 fleire gongar… Og koste oss litt ekstra.

Dag nr 100 betyr at vi også er over halvvegs av skuleåret 2009-2010. Snart sommarferie gitt!DSCF2109 

The 100th day of school today. We had some extra fun in the classroom.

tirsdag 19. januar 2010

Footloose…

Å nei og nei! Her gjekk visst tysdagen litt for fort, gitt! Eg har heilt gløymt å ta bilder i dag.

Men då kan eg vel vise fram noko eg har skaffe meg i det siste i staden.

Eg har visst vore innom Etsy no i januar. Eg enno tilgode å prøve den norske versjonen Epla, men det kjem nok det også…

Men aller først noko som havna i posen under julegåvehandlinga i desember. Nesten heilt av seg sjølv…

Eg er berre litt knappegalen, så eit krus med knappar på er obligatorisk. Og band med flugesoppar… – ja de skjønar nok kvifor eg ikkje kunne gå forbi.

Kruset er av det irske merket Avoca, og banda er frå Maileg i Danmark.

DSCF2071

Og så over til Etsy.

DSCF2073

Hos StephanieFizer kjøpte eg ein minikalender for det nye året. Eit søtt lite kort for kvar månad.

DSCF2074

DSCF2075

Eg kjøpte også eit trykk med bokstaven min.

Snail

(Bilde frå butikken)

Noko ull har også kome i hus. Eg har nemleg tenkt å prøve meg på spinning av garn. Om det vert med handtein eller rokk for tida vise…

roving

ForestFiberWorks

Og nokre av ulldottane (i mange fargar sjølvsagt) har eg tenkt å bruke på eit skjørtprosjekt som eg har grunda på lenge…

ull

thefunkyfelter

Og det var vel nok shopping for ei stund, trur eg…

mandag 18. januar 2010

Mandagsføter

DSCF2094Føtene er klare for nest siste kveld av bunadskjortekurset. Eg som fabulerte om å kanskje ha ny bunadskjorte klar til bryllup i påska…

Ambisjonane har kome ned på eit meir realistisk nivå no: Kanskje eg er ferdig til påska neste år… Etter tre månader ser de her at eg nesten er ferdig med første ermelinning. -Jepp, ein del igjen, ja…

Eg håpar det skal verte lettare å sette seg ned med linbroderia når det vert lysare dagar.

DSCF2089 

Her er det siste hekleprosjektet, forresten. (Heklinga og strikkinga har vel også skuld i at broderinga ikkje viser ønska framgang…)

Eg har ikkje varme i seta i bilen, men dette lille seteteppet hjalp godt. (Alle bilar bør ha nokre hekleruter.) Eg har også brodert pute i baksetet så dette er ein skikkeleg tantebil…

Min bil er såpass fargerik frå før så desse rutene passar fint inn :)

--------------------------------

Day three of Nordic Feet. My feet and me are ready for my embroidery class. After three months I’m still working on the first sleeve of my shirt. This shirt will not be finished this year I think…

søndag 17. januar 2010

Nordiske føter #2

DSCF2082Kitle – kitle – kitle…

Klart det er kjekt å kitle tanteføter.

…Hmmm… ser at eg har same stilling idag som igår. Beina (og resten av kroppen) godt plassert i sofaen…

Bør vel prøve å vere noko meir aktiv i morgon, men då er det arbeidsdag igjen, så det skal nok gå.

-----------------------

My sister and family came for a visit this afternoon.

It is fun to tickle aunt’s feet. At least for a little while…

lørdag 16. januar 2010

Laurdagsrapport – Nordiske føtter #1

Ja her i stova har vi det travelt, altså.

DSCF2080

Følger med på TV og sukkar over rare songar og skriv på laptopen medan eg også klarer å ete litt ostepop (utan å søle altfor mange ned i utringinga…)

Eg gløymte nesten at det er starten på ei ny veke med føter i dag. Gjekk rundt og trudde at starten var i morgon…

Men her er dei. Føtene, altså. Ullstrømpene har eg tatt av no, det var mildver i dag faktisk.

Her er link til Flickr-gruppa.

----------------------------

Just another busy saturday evening here… TV and laptop, and eating snack…

I’m ready to do some crocheting now, and maybe some knitting.

Today is the start of another week of “Nordic feet”.

onsdag 13. januar 2010

Onsdagstonar

Eg har jo sansen for artige songar med kreative videoar :)

Her får de eit par av dei siste eg har kome over.

Spesialt Crayola-songen er fin synest eg. Og dama heiter Kristin Andreassen – høyrest ganske skandinavisk ut, men ho høyrer til i Statane.

Ha ein fin onsdagskveld.

mandag 11. januar 2010

Mandag

DSCF2062Bench Monday nr 2 

Litt vanskeleg å finne benkar i all denne snøen… Så eg fann ein kjelke i dag.

Endå er det kaldt, men eg har ny, varm jakke – så eg frys ikkje :)

søndag 10. januar 2010

Meir stjernekrig

Eg strikkar framleis på Star Wars-huer. No til brødre og andre (som også vil ha…)

Greitt for meg, ei hue tek ca ein kveld. (Men eg burde eigentleg sy på bunadskjorta mi … sukk…)

DSCF2058

Her har vi Yoda-hua. Med teksten “May The Force Be With You” passa det best med Yoda mønster. Og lillebror (som er fotomodellen) informerte meg om at Yoda har grøn lyssabel, så det fekk eg også ordna.

DSCF2056

Eg synes Yoda-hua er ganske tøff, men gutane har lagt sin elsk på stormtrooper-varianten.

DSCF2061

Klart den er tøff, -men å strikke med tre trådar på ein gong, med til dels lange hopp imellom, er ikkje min favorittsyssel… Men spør dei fint, så kan eg vel gjere det fleire gonger.

Denne hua skal vere ei gåve.

DSCF2060

Klarer vi å få teikne eit mønster vert det kanskje ein Darth Vader-variant også snart.

Isslott

 DSCF2045

Kvifor ikkje nytte alle desse minusgradene vi har for tida?

No er det perfekt å leike seg med snø og is.

DSCF2049

På skulen skyl og brettar vi melkekartongar kvar dag. Men vi gløymde visst å hive posen med kartongar i søppelkassa før jul… Det var jammen bra.

På torsdag bretta vi opp igjen mesteparten av kartongane, fylde dei med vatn (med og utan maling) og sette dei ut. 120 kartongar hadde vi til slutt. I tillegg fann eg ein del rømmebeger.

DSCF2048

På fredag (i –15) var vi klare for å lage isslott. Snøsørpe brukte vi som sement.

Det var kaldt, men kjekt. Og no står slottet der ei stund (håpar eg). Eg tømde på ein del vatn til slutt.

   DSCF2046

DSCF2050

Why not use all the cold degrees we have these days? (-15 C on friday).

At school we took all the used milk kartons and filled them with water and put them outside. Next day we had lots of ice cubes to make an ice castle

It was cold, but fun.

mandag 4. januar 2010

Mandag på benken

DSCF2012 Eg har blitt med i ei ny flickrgruppe: Bench Monday. Målet er å ta eit bilde, på ein benk, kvar mandag. Så får vi sjå korleis det går. Mange stilige bilder i den gruppa, eg må nok trene litt.

I dag blei det eit bilde på ein klasseromsbenk, med snø på skoa. Første arbeidsdag – både eg og ungane er klare til dyst – trur eg. Ikkje noko problem å finne på friminuttsaktivitetar med all snøen. I dag snødde det tett mesteparten av dagen, så eg måtte ha hjelp frå fleire då eg skulle prøve å pløye meg fram med bilen etter jobb.

I morgon har eg tenkt å ta buss…

Star Wars

Eg strikka ei Star Wars-hue til eldste nevø til jul. No har eg fått oversendt bilder av hua (sidan eg gløymde å ta bilder sjølv).

StarWars2

R2 D2 og lasersverd var motiva på hua eg strikka.

StarWars1 

Mor til mottakaren er slett ikkje fortapt bak eit par strikkepinnar, så ho ordna på eit blunk hue eit anna tantebarn. Denne med storm trooper-motiv.

StarWars3

StarWars4

Bra jobba, Anne Berit!

Eg kan ikkje vise til direkte mønster på huene. Men diagram med diverse Star Wars-motiv fann eg her.

Hua mi (R2 D2) er strikka i Free Style, pinnar nr 4,5. Eg la opp ca 100 masker.

Eg er igong med ei ny hue til lillebror.

May the force be with you!

DSCF2015

-------

I knitted a Star Wars hat for my nephew for Christmas. I used r2d2 and light sabers motifs. My sister-in-law (who’s not lost behind a pair of knitting needles) knitted the storm trooper hat for another nephew.

I’ve started a hat for my little brother now. This one starting with “may the force be with you”.

You can find the charts for Star Wars motifs here.

fredag 1. januar 2010

Nytt år

DSCF1938

Jammen blei det ein fin kveld i går. Fullmåne og snø gjorde at det nesten ikkje var mørkt.

Vi rusla opp i myra ovanfor huset som vanleg. Der er det god utsikt ut over bygda.

DSCF1921

Vegen opp var kanta av lys, veldig stemningsfullt.

DSCF1950

Det var heilt vindstille i går natt. Den store papirlykta virka, og flaug oppover – sikkert 2-300 meter – før den slokna og dalte ned igjen. – Og landa hos naboen! Vi fekk fleire av ein annan nabo sine lykter ned rundt vårt hus. Jammen ikkje ofte at lufta står så stille…

DSCF1932

Borte i fjellsida skifta dei tekst på skiltet, frå GOD JUL til 2010.

DSCF1953

Som vanleg leikar vi oss med stjerneskota til slutt :)

DSCF1976

Godt 2010 til alle!!

-----------------------------

We had a lovely new years eve here. We’ve had lots of snow lately, but it stopped snowing before the evening and the full moon came out. Because of the moon and the snow, it was not a very dark night. We spent the evening with good friends and at midnight we get dressed and go outside to watch the fireworks.

And then we play with the sparklers.

Happy 2010!!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails