fredag 29. mai 2009

Eit langtidsprosjekt

Det starta med at eg stod i ein bokhandel (trur nok at det var i Bergen, i vinterferien 2003 eller 4) og kikka i bøker. Då såg eg også gjennom denne boka:

2009_05290020

Mange artige gjenbruksprosjekt av ulike designerar der, men eg stansa ved denne veska av Siri Findal.

2009_05290015

Samle-på-, puslespel- og lappegenene i meg ropte høgt hurra!! Ei slik veske hadde eg også lyst på. Og når eg først får ein fiks idé….

Men eg skjønte fort at dette prosjektet ville kreve lang tid. Eg har ikkje mykje klede, og ein kan ikkje kjøpe klær berre på grunn av at ein vil ha tak i merkelappane heller…

Sa eg har samla merkelappar i mange år. Heldigvis har eg vore flink til å legge alle lappane i samme boks, slik at eg alltid visste kvar dei var (jammen godt gjort). Klede på veg ut av huset har blitt ribba for lappar først. Nokre lappar har eg funne på gamle kjolar på loftet heime. Og nokre av kleda i skapet mitt kan eg gjerne bruke utan lappar.

No i mai fann eg ut at eg sikkert hadde nok, så då var det berre å finne ut kor stor veska kunne bli, og pusle i veg. Det tok nokre forsøk før eg var fornøgd.

2009_05260003

Alle lappan blei sydd på , og det var baksida eg viste fram for nokre dagar sidan.

2009_05260019

Eg gjorde siste innspurten i går. Sydde saman alle delar med kraftig fór, slik at veska er stødig og solid. Hankane blei kanskje litt lange, men då er ho grei å få over skuldra. :)

2009_05290056

Trur denne seglar opp til å bli favorittveska ei stund.

 2009_05290041 

2009_05290043

2009_05290042

Slik ser ho ut på. (Bildet tatt i eit skittent speil på jobb).

2009_05290030

This has been a long project. I was inspirered by a bag by Siri Findal in a book about The Salvation Army (2002). I immedeatly decided that I wanted to make a bag with clothes labels. (My genes for collecting, puzzleing and patchwork kicked in). So I started to save the labels of clothes I was giving away. A few of the clothes in my cupboard also mysteriously lack labels now…

Finally ( after 5-6 years) I had enough, and the puzzling could start…

I’m very pleased with the result, this will be my favourite bag for a while.

onsdag 27. mai 2009

Testing, testing

2009_05270010

Eg testar samanheklingsmetodar for “ei bestemor om dagen”-prosjektet mitt. Dette er metode nr 1. Den gir eit litt kompakt resultat. Passar til ei pute, men ikkje til eit teppe syns eg. Og eg trur eg har planar om eit teppe.

2009_05270007

Dette er metode nr 2. Litt meir luftig og teppeaktig. Men eg er framleis ikkje heilt sikker. Tar gjerne imot innspel her. Kva synest de? Har de andre forslag?

2009_05270001

Og til slutt eit par bilder av dei fine rosene eg kjøpte 16. mai. Stadig like fine :)

2009_05270003

tirsdag 26. mai 2009

Smårydding

2009_05260007 

Nede i syskrinet mitt har broderitrådane mine budd i 10-15 år. Dei er for det meste restar etter nokre bilder eg broderte ein gong. (Skal tru kva for ei kasse dei bilda ligg i ?…)

Alle i ein haug, og nokså samanfiltra etterkvart. Men på hobbybutikken i går fann eg noko som verkeleg ordna opp i kaoset. Små søte brett (eller kva eg skal kalle dei) til å snurre trådane opp på. Eg tok med meg to stablar heim, men ser eg må attende etter ein til. For det blei ikkje nok.

Men sjå kor skikkeleg og ryddig og systematisk det blei. (Klappar meg sjølv på skuldra – og overser glatt rotet i resten av stova.)

2009_05260028

Eg har også starta på eit anna prosjekt. Eller, eigentleg har eg kome litt vidare på eit prosjekt eg starta på for mange år sidan… Meir om det sidan. Her har de baksida…

2009_05260019

No skal eg brygge ein kopp kaffe før TV-kvelden startar. Toodeloo!

lørdag 23. mai 2009

L for London

2009_05220018

Sikkert ikkje så originalt å velge denne løysinga på L, men London er favorittbyen min! Ei tid var eg meir kjent i London enn i Oslo. Men det kom sjølvsagt av at eg budde i Surrey (litt sør for London) eit år.

Eg var au-pair der, noko som svært mange jenter var på den tida. (Det var nok før det blei meir populært å studere i utlandet). Byen eg budde i ligg 20 min frå London, og vi reiste innover til byen ofte på fridagen vår. (Meir om det nå vi kjem til W…)

Her har de nokre eldgamle bilder fotografert frå fotoalbumet mitt. (Har dessverre ikkje scanner). Litt oppripping av 80 – talet igjen her. De er advart!!

2009_05220004 

Akk, man var ung engang…

2009_05220005

2009_05220011

Det obligatoriske inne-i-ein-gamal-telefonkiosk-bildet. Før mobiltelefon-alderen…

2009_05220016

Vi var ikkje så godt vant med rulletrapper heime… Trur nesten denne (frå Holborn undergrunnst.) var den lengste vi var borti. Hovudgrunnen til at denne trappa havna i fotoalbumet var nok at vi gjekk rett forbi ei filminnspeling her ein dag. Det var den einaste gongen vi såg ekte punkarar (med raud hanekam) og så var det berre statistar oppdaga vi når vi såg filmkameraet på toppen av trappa. Men eg hylte nesten høgt i kinosalen, då eg eit år etterpå var og såg “The Accidental Tourist” og plutseleg såg rulletrapp-scena som vi spaserte rett forbi!

 2009_05220017  

Litt meir “schwung” over togstasjonane der borte. Waterloo var stasjonen for toget vårt.

Det har blitt altfor få turar til London i det siste. (No må vi få til mimreturen vår snart, Aashild.)

Men eg var der første adventshelga i 2006. Då var det gå-gate i Oxfordstreet. Morosamt og en smule kaotisk (understatement!) med 1 mill personar ute i gata.

2006_12080032

Avsluttar med eit par bilde frå Piccadilly Cirkus. Sånn ca 20 år mellom disse bilda.

Du verden som tida flyg…

2009_05220009  2006_12080041

Fleire innlegg om L hos Petunia.

abc

L is for London, as you can see. It’s my favourite town. And the main reason for that is that I spent a year (a lo-ong time ago) as an au-pair in Surrey. We traveled often to London on our day off. So after a year I was more familiar with London than our own capitol, Oslo.

Unfortunately after that year I haven’t been able to visit London as much as I would want (which is at least once a year..), but it will allways be my favourite :) Can you see that it has passed 20 years between the last two photos here? Time flies…

lørdag 16. mai 2009

Ei bestemor om dagen

er sikkert bra for magen….

3503908284_d573008413 Eg har blitt med i gruppa som Frk. Badegakk har sett i gong. Vi skal hekle ei (og berre ei (pr prosjekt) altså) bestemorrute om dagen.

Dei ekte bestemødrene får nok gå i fred…

Hos Rose Hip fann eg ei oppskrift på blomsterbestemødre, så dei heklar eg. Ho har laga nokre fantastiske puter – det kan hende det blir puter på meg også etterkvart.

2009_05120016

Dag nr 8 i dag, her er dei åtte første rutene. Eg har lagt til ein kvit kant rundt alle, og så har eg tenkt å sy dei saman etterkvart.

2009_05160035

No skal eg lage meg litt salat og starte oppvarminga til grand prix. Bunadskjorta heng klar, og eg håpar at bunaden ikkje har krympa altfor mykje sidan i fjor…

Ha ein flott 17. mai alle saman!!

K for knappar

2009_05160020

Eg hugsar godt dei gongane eg fekk lov til å leike med knappeøska til mamma. Då kunne eg få full uttelling for systematikk-genet vi har i familien. Knappane blei sortert etter storleik, form, farge og mønster. Nokre gongar fann eg knappefamiliar med store foreldreknappar og små babyknappar som var nesten heilt like.

 2009_05160027

Så eg har sjølvsagt sørga for å starte mi eiga knappesamling. Knappar er fine, har mange mønster, kan brukast til pynt på vesker og nåler, dei blir fine ringar og så kan dei sjølvsagt også brukast som knappar.

 buttonrings

Knappane mine kjem i to kategoriar. Dei gamle og stilige knappane (også kalla vintage) og nyare hobbyknappar.

2009_05160025

Dei gamle knappane eg har kjem frå samlinga til farmor, antikvitetsbutikkar, loppemarknadar og slikt.

2009_05160029

Eg er sjølvsagt mest glad i dei gamle, og det bør vere eit heilt spesielt prosjekt som får slike knappar…

2009_05160032

Glasknappane er dei penaste.

2009_04220014

Fleire Innlegg om K hos Petunia.

abc

PS: Eg var på kino i går og såg Coraline i 3D. Kan anbefalast. Knappar spelar ei viktig rolle også der…

Coraline.com kan du også knappifiserere augene dine.

coraline

-----------------

K is for knappar, or buttons in english. I remember playing with my mothers buttons a long time ago. So I had to start collecting my own buttons :)

tirsdag 12. mai 2009

Tysdagsmoro

Manglar du litt futt i kvardagen? Skulle du gjerne hatt superkrefter?

Veit ikkje om dette kan hjelpe, men hos the HEROFACTORY kan du lage superheltvarianten av deg sjølv.

Dette er meg. Til ære for nevø Øystein valde eg eit lyssverd som ekstrautstyr. Ganske moro og heilt unyttig…

MyHero1

Vi (storfamilien) har forresten vår eigen superhelt: Truse-Lars. Han bur i leikehuset heime hos mamma og pappa når han ikkje er ute og reddar verda. Lurer forresten på om han har pensjonert seg – det er ei stund sidan han viste seg sist… (Litt intern familehumor her.)

---------

For ein strikkar og heklar må vel det verste vere å skade ei hand. Men skulle uhellet først vere ute kan det kanskje vere kjekt med ei fatle som dette? Med forklaring på, slik at ein slepp å fortelje om og om igjen kva som har skjedd?

Bilde frå craftzine. Idéen kjem frå Bem Legaus.

funny_accident_slings1funny_accident_slings2

Og skulle ein mangle idéar til strikke/hekle-prosjekt kan ein ty til strikkegrafitti. Her er ein buss frå Mexico.

PD*26392062

Bilde: BNPS via Telegraph

mandag 11. mai 2009

JJJ

Eg stod litt fast når det kom til å finne på noko tema for J-innlegget mitt.

2009_05090002b

Kunne jo nemne at symaskina mi heiter Janome, og eg kunne jo også seie at eg gleder meg til jordbærsesongen…

jordbær

Men då eg gjekk gjennom bilda mine no hoppa det fram eit anna ord: Japan.

Det ser ut til å vere eit spennande land. Men eg har nesten mest lyst til å reise til Japan for å gå i bokbutikkar og stoffbutikkar og hobbybutikkar og ….

japan2

Det tok ikkje lang tid frå eg begynte å besøke bloggar rundt omkring før eg fekk sans for dei japanske hobbybøkene. Synd Japan ligg så langt borte… Men takka vere internettbutikkar har eg fått tak i nokre smakebitar. Nydelege bøker.

Litt vanskeleg å lese teksten…. For eg kan ikkje japansk...

Men heldigvis er dei flinke til å lage enkle og forståelege diagram. Og på nettet eg har funne tyding av dei mest vanlege tegna brukt i strikke- og hekleoppskrifter. Så då er det mogleg å skjønne det meste av det ein skal gjere, trur eg.

japan4 japan3

motif Jklærchoto crochet

japan6 japan5

Dei japanske stoffa er også til sikle etter… Sparar dei til dei spesielle prosjekta…

4 pencil rolls

J is for Japanese crafting books and fabric.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails