søndag 19. oktober 2008

Vel blåst! (Og sunge)

Konserthelga er ferdig. Det meste gjekk bra og mange har fått ei fin konsertoppleving.

Eg syns det er fantastisk kjekt å få vere med å lage slik fin musikk. Har de ikkje hørt Puccini før, så spring og kjøp ein cd. Her kan du forresten høyre litt av det vi sang (Gloria-satsen), men det er sjølvsagt ikkje vårt kor...

Det var godt å sette seg på sofaen i kveld. Tre konsertar og ein del øving i forkant betyr nokre timar ståande stille. Eg droppa finskoa med hæl, brukte (dei meir behagelege) støvlettane i staden.

Merete oppfordrar på bloggen sin om å vere med på veke med bilder av føtter.

Så dette får bli søndagsbildet mitt:

2008_10190001

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails