lørdag 31. mai 2008

Babes

Dei to dokkene (knitted babes-ane) er ferdige. Og no er dei framme i sin nye kommune, og ventar på den store basaren.
Dei fekk også møte Rita og Priscilla som bur der frå før. Eg vart sett i arbeid av H med det same eg kom. Tante måtte sjølvsagt lage fleire klede til Priscilla. Resten av kvelden var det stadig spørsmål om eg var ferdig snart... Ny topp, hatt og veske vart det tid til denne gongen. Pricilla er høgt elska - og ber litt preg av det. Ein liten piknik i sola vart det også tid til.
Eg har også fått bestillingar på fleire ting som må lagast: Mann til Priscilla (Elvis - sjølvsagt), mann til Rita ( Roy), brudekjolar, babyar og sikkert fleire klede...


My two new babes are finished, and have arrived at their new home (for the time beeing).

I was visiting my brother's family and was told immediately by my niece that Priscilla needed more clothes. She got a new top, hat and bag this time. We had a picnic in the sun.

I also got a list of other things I must make : Husband for Priscilla, husband for Rita, wedding dresses, babies and more clothes (I'm sure)...

Har ikkje dei fin utsikt frå hagen sin vel? Nice view from their garden, or what?

onsdag 28. mai 2008

Strandtur

Hadde ein fin ettermiddag på bystranda i dag. Ikkje så folksomt der på denne tida.
Eg heldt meg på land, men nokre modige jenter var ute i vatnet.Det byrjar å bli sommarstemning her.
- Men temperaturmålaren bør få ein sjekk før sommaren. Det vart litt vanskeleg å lese på biletet, men den fortalde at det var + 13 grader i vatnet og -50 grader i lufta...
Og dette bygget rett ved stranda er snart ferdig bygd. Folk har starta å flytte inn. (Hadde eg hatt eit par millionar ekstra kunne eg godt budd her.)
Er det ikkje stilig med alle desse forskjellige mursteinane? (Eg måtte berre ta eit bilde.)
Spent the afternoon on the town beach. It was nice to be outside, but it's not bathing time yet for me. Had to take a photo of a new appartment building near the beach too. I really liked all the different kinds of bricks. (If I had a lot of money i would by an appartment there...)

lørdag 24. mai 2008

Award

Også har eg fått ein pris! Takk til Miamor! (Ta ein tur innom bloggen hennar også.)
Har vi tid til ein takketale...- nei vel.
Eg må kike litt rundt og sjå kven eg vil gi den vidare til.

Sengeteppe

Skal også bli ferdig med eit sengeteppe no i helga. Tenkte det måtte vere passeleg MGP-arbeid...

Nye strikkadamer

Eg har fått bestilling på eit par "babes". Dei prøver eg å få ferdig no. Har ein del andre prosjekt på gong også, - og det er ganske bra, for då slepp eg å bli lei av nokre av dei...
Sidan det heilt sikkert blir fleire babes ettekvart lagde eg like greitt ein haug med auger på ein gong. Dei to bestillings-dokkene skal vere gevinstar på basar, difor har dei berre fått førebelsnamn hos meg. Som de ser har dei litt forskjellige hudnyansar. "Anna" er strikka i Føn-eit bomull- og bambusgarn frå Gjestal. (Veldig mjukt og deilig) "Birte" er strikka i Paris - litt meir vanleg bomullsgarn, ikkje fullt så mjukt.Her er Anna litt meir ferdig.Hårtransplantasjon.
Tenk om det hadde vore så enkelt for oss folk også.
(Eg skulle gjerne hatt litt påfyll av hår. Eg har nemleg Alopecia (flekkvis håravfall) og er ganske skalla her og der). Her er eg nesten ferdig, men måtte ta ei pause for å lage meir krøllete hår.

I've been asked to make two new babes. I'm trying to finish them this weekend, - and some other projects too. This is the first doll. She's Anna for now. She had a successfull hairtransplant, and looks quite good in her red curls. Now she's waiting for her blond friend Birte.

søndag 18. mai 2008

Dagen

Utsikt frå verandaen min / view from my flat
Henrik IV har pynta seg / The founder of the city (Danish king)
Ballongselgarane er klare / The balloonsellers are allmost ready
Veldig mange av ballongane ender her / many of the balloons end up here
Borgartoget / the second parade, I'm watching this time
Vi går og går / Walking
Etter festen / after the party
Bunader

Ny veskemodell

Inspirert av eit mønster i den japanske veskeboka laga eg denne veska forrige helg. Her fekk eg brukt både lin og raude/turkise stoff. Favorittar for tida.

Og eg er superfornøgd med denne. Må berre laga skulderreima litt kortare, no dinglar veska litt for langt nede på låret etter min smak.
Eg skal nok lage fleire slike - kanskje med regulerbar skulderreim til og med.

No skal eg ut ein tur og kjøpe is. Det blei berre is til dessert på meg i går, blei litt for kald til iseting etterkvart så eg sparte dei til i dag... Men vi hadde det veldig fint i går. For det meste sol, ei regnbyge i to-tida. Men litt kald vind etterkvart altså. Dagen blei avslutta med eit flott fyrverkeri klokka 23 som eg heldigvis har utsikt til frå vegen min. For då hadde eg forlengs havna på sofaen, og hadde ikkje lyst ned til byen igjen.
This is my latest bag - inspired by a pattern in one of my Japanese books. I used linen and red/aqua fabrics. Favourites. I'm very pleased with it. I'm just going to make the handle a little bit shorter.
I will make more bags like this one. Super easy pattern.

I've been tagged

I've been tagged by Carina, so here comes a few facts about me.

The rules of the game get posted at the beginning. Each player answers the questions about themselves. At the end of the post, the player then tags 6 people and posts their names, then goes to their blogs and leaves them a comment, letting them know they’ve been tagged and asking them to read your blog. Let the person who tagged you know when you’ve posted your answer.
1) What was I doing 10 years ago? I was ending my last year (I think) with full-time-studies and got the job I have now. I was working in kinder garden and needed an extra year to be able to work in school. That's what I'm doing now.

2) What are 5 things on my to-do list for today (not in any particular order): Go to church (done), meet friends (done), sew together a quilt top (started), put away my bunad after yesterday, call my parents.

3) Snacks I enjoy: I like allmost everything (unfortunately).
4) Things I would do if I were a billionaire: Buy a nice house for myself, maybe a car, help pay for family members houses. Take the hole family on vacation - rent a castle somewhere in Europe with room for all of us. (27 at present time) And give to charities.

6) 6 peeps I wanna know more about:

Eg har den... og eg som alltid var så dårleg på kjedebrev. Men denne kan eg vel klare.
Her skal eg fortelle ting om meg sjølv som kanskje ikkje er så frykteleg viktig å vite.

Reglane kjem i starten av innlegget. Kvar spelar svarar på spørsmåla om seg sjølv. I slutten av innlegget gir du den vidare til 6 andre personar og fører opp navna. Så går du til bloggane og legg igjen kommentar om at dei er tagga og ber dei lese din blogg. La personen som tagga deg vite når du har lagt inn svar.

1) Kva gjorde du for ti år sidan? Avslutta det siste (trur eg) året med fulltidsstudium. Eg er førskolelærar og tok PAPS for å kunne jobbe i skulen. Som eg gjer no. Fekk jobben for ti år sidan.
2) Kva er 5 ting på å gjere-lista mi i dag? Gå til kirke , treffe venner , sy saman lappar, henge vekk bunaden, ringe mamma og pappa.

3) Snacks eg liker: Dessverre nesten alt...

4) Ting eg ville gjere dersom eg var milliardær (eller billionær): Kjøpe meg eit fint hus, kanskje ein bil, betale huslåna til resten av familien, ta med alle saman på ferie - leige eit slott nede i Europa med plass til alle og gi vekk ein del til gode organisasjonar.

5) Stadar eg har budd: Langfjordbotn, Karasjok, Ørsta, Walton-on-Thames, Geilo og Kristiansand

6) Disse folka vil eg vite meir om:
Miamor
Kari Anne
Hege
Susan
Bea
Maret

fredag 16. mai 2008

God 17. mai til alle!!

Dette er halssølja til skjorta mi. Den er litt spesiell - dei har satt på "gullblada" feil veg slik at det vert ein speilvend Ø (det skal vere ein skikkeleg Ø oppdaga eg etter nokre år-trudde alle var slik som min først...) Det er sikkert ein lett jobb å fikse på det, men eg synes no det er litt artig.


Dette er lomma. Her gjeld det å ha med seg minimalt av utstyr for dagen slik at alt får plass. Eg ser no at sølv- og messingpussemiddel burde ha vore på handlelista. Låsen og søljene var slett ikkje så blanke lenger... Ja, ja, til neste gong.
Her er leikar systra mi og eg (til høgre) turist-postkort i finstasen.
This is the rest of my outfit for tomorrow. Handbag is not an accesory when wearing bunad, everything I need tomorrow must go in my bunad-pocket. I see now that I have to polish the silver brooch and the brass lock. Must do that before the next time I'm wearing this. The last photo is of my sister and me (on the right). We're trying to look like a tourist post card. The only thing missing is some mountains and fjords in the background...
Have a nice weekend everybody!
Då skal eg sette meg ned (etter litt fredagsrydding) og ladde opp. Det ser ut til at regnet skal halde seg vekke det meste av dagen. Jippi!
Håpar de alle får ein fin dag!

Stryke bunadskjorte - Hipp Hurra!

Er det noko rart med meg, eller?
Sidan eg synes det er heilt greitt, ja ganske kjekt eigentleg, å stryke bunadskjorte.
Det som er kjedeleg er vaskinga, sidan eg gjer det for hand. Skylle, skylle, skylle... (Kanskje eg skal bruke maskina neste gong.)
Men her heng i alle fall skjorta fin til tørk i sola.
Strykinga har eg gjort på samme måten i alle år, og det går i grunnen ganske kjapt.
Slik gjer eg det:
Først stryk eg mansjettane, kragen og skulderstykka.
Så tar eg armane; på kvar side frå sømmen og nesten opp til bretten (eg vil ikkje ha brettekant, så eg stryk ikkje bretten). Så legg eg armane slik at "bretten" ligg i midten og så stryk eg den flat og fin. (Har akkurat plass til strykejernet midt på arma.)
Når armane er gjort stryk eg framstykke og rygg.
Ferdig!
Ser at det trengs litt reparasjon her og der på skjorta no. Planen er at eg skal sy meg ny skjorte etterkvart. Denne er litt for liten.

torsdag 15. mai 2008

Dagen før dagen før dagen

"Kor mange dagar er det til 17. mai no?" spør elevane mine kvar morgon. -Og så kjem det ein liten diskusjon om dei ulike forslaga; 3 -4 (nei det var det i går)-2-3-2... og så må vi telle på kalendaren.

Vi på teamkontoret sjekkar yr.no og andre verstader kvar gong vi er innom kontordøra; og sjekkar utviklinga på verfronten. Ser det ut til at regnet held seg vekke fram til søndag???

Vi har øvd på å bere fana og i morgon er det endå meir øving. Då trur eg vi er klare for dagen.

Her heime har eg så smått sjekka at antrekket er i orden. Vi startar nederst. Skoa er fine (og komfortable faktisk). Fekk ny såle på hælane for eit par år sidan. Skulle berre mangle etter 25 år i bruk.

Bunaden skal på, håpar den ikkje har krympa noko meir sidan sist september... Farmor broderte bunaden min. Rundt skjørtekanten nede er det 8 av dette motivet. Det er også broderi på liv og lomme. (Skal vise resten seinare).

12 år seinare broderte eg skjørtet på bunaden til systra mi. Farmor måtte hjelpe til med livet og lomma, eg rakk ikkje meir... I morgon er det skjortevask og sjekk av sølje og knappar.

May 17 is Norways Constitution Day - our National Day. We celebrate the day with childrens parades - all schools participate. My students are counting the days left. We are practising our songs and how to walk nicely in line - not so easy when your 6... May 17 is the day when you can eat as many ice creams as you want.

We also dress up - and for many Norwegians that means wearing our "bunad". Bunad is a traditional Norwegian costume (accepted as proper gala attire). Not exactly high fashion, but it's very practical. I don't have to worry about what to wear. So now i'm checking if everything is in place.

The shoes are ok. Still comfortable after 25 years (they need to be comfortable-there's a lot of walking that day).

My grandmother did the embroidery on my bunad. This motif is around the bottom edge of the skirt (8 times).

Tomorrow I'm handwashing and ironing my linen shirt.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails